Programleiar: Anita Nordheim
Medverkande: Jenny Følling, Ingvald Frøyen og Jostein Tjugum.
Felleskorps med medlemmar i Førde Musikklag og Bygstad Brass
Førde Rotaryklubb var skipa i 1966. Fast møtedag har vore mandagar kl 19.30-20.30 og no held vi våre møter på Førde Gjestehus og camping. Ellers har vi nokre av møta hjå ulike verksemder som vi er på vitjing hjå for å få informasjon og sjå korleis det ser ut. Klubben har omlag 20 medler og på møta er vi 10-15 til vanleg. Det er også mogeleg å ta med seg gjestar. Vår aktivitetar er knytt til ulike hjelpetiltak både innanlands og i utland. Vi har hatt ulike prosjekt, mest aktuelt er eit sjukehusprosjekt på Filippinane og no hjelpesendingar til krigsråka Ukraina. Nye medlemer er hjarteleg velkomne.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Myter og realiteter om menns helse. Testosteron, trender og fakta
i dag mandag 10. februar er vi på Førde Gjestehus og samping kl. 19:30. Dag Arve startar med ein tre-minutters innlegg og deretter får vi eit spennandne foredrag av ein av våre sist innmelde medlemmer, dr. Florin Vasile Hopland-Nechita . Han skal halde presentasjon innenfor sitt fagfelt urologi. Han har kalt presentasjonen: Myter og realiteter om menns helse. Testosteron, trender og fakta
Han hadde forøvrig disputas for doktorgraden sist fredag og vi gratulerer Florin med PhD-graden. Ta gjerne med vener i kveld.
Heia Brasil
Det var ulike meiningar om Norge sitt tap med 26 til 29 for Brasil under VM opninga 15. januar 2025. Med vår utviklingsstudent Leticia var nøgd - og det er vel det viktigaste
Jule møte 2024 på Pikant.
16. desember hadde klubben julemøte på Pikant mat og vinhus. Odd Arve Savland hadde ordna lokale og det var eit flott julepynta langbord med plass til omkring 30 personar. Alle plassane var fylte med festpynta medlemmar, fleire med ledsager. I tillegg var vår utvekslingsstudent Leticia med oss og distriktsguvernør Rolf Tingvold.
Odd Arve ønska velkommen og minna om «praktiske tiltak». President Tor Christopher Fink helsa velkommen til feststunda og juletallerkane med julematen vart servert. Det var svært god tilberedt mat, ulike julerettar på samme tallerken som var svært fråseggjort. Praten gjekk lett under måltidet med avbrot av «skålar». Innkomande president Gro Eliassen hadde laga ein knallgod Quis, med Rotaryspørsmål og spørsmål om dagsaktuelle tema. Festlyden var inndelt i lag med 4 stk på kvart tema. Laget som vann og fekk tvistpose på deling, men det var sterk konkurranse mellom laga. På programposten var også åresal i to omgangar med flotte vinstar.
Pikant – vi kjem igjen neste år – her var det svært koseleg.
PHF tildelt Per-Arne Furseth
Per Arne Furseth fekk under den årlege og tradisjonelle fårikålsfesten, tildelt PHF (Paul Harris Foundation) for langvarig og godt Rotaryarbeid.
Vi gratulerar! (Foto: Olav Reikvam)
Kveldens bedriftsbesøk er hjå OPUS på Halbrendsøyra
Opus er en av de ytterst få gjenværende bilbutikkene i Førde med lokale eiere. Daglig leder, Odd Arild Dale, informerer om selskapet og bilbransjen generelt mandag 9. sept. kl. 19;30. Velkomne.
Rotaryåret er i gang - tradisjonell tur til Hunsrasta
Denne veka starta Rotaryåret under ny president Tor Chr. Fink med den tradisjonelle turen til Hunsrasta. Vi hadde også med oss vår nye utvekslingsstuden Leticia som kom til Førde sist veke.
Styret vonar på godt oppmøte i haust og skal sørge for godt program. Førde RK er også ansvarleg for distriktskonferansen, så her er mange oppgåver som skal løysast.
foto privat
Leticia KOM frå Brasil
Fredag 16.august kom Leticia til Førde Rotary, som er vertskap for henne medan ho er utvekslingstudent ved Førde vidaregåande skule. Vertsfamile er klar fram til nyttår.
Leticia vart tatt imot av medlemer frå Føre Rotaryklubb på Førde lufthamn, Bringeland no fredag kveld. Flyet torsdag kveld vart kansellert og der førte til eit ekstra døgn i Oslo, men der var vår nye distriksguvernør Rolf Thingvold og tok vel vare på ho. No ventar nye venskap og nytt skule- og fritidsmiljø Leticia det neste skuleåret. Vi må gjere vårt beste alle for at ho skal få eit godt opphald med gode minner frå Sunnfjord og Vestlandet.
Dersom nokon ynskjer å vere vertsfamilie kan ein kontakt med
Bjørn Inge Geithus eller Jostein Tjugum.
Foto: privat
Ny president i Førde Rotary Klubb
Tor Christopher Fink gjekk mandag 17. juni inn i vervet som ny president i Førde Rotary Klubb. Han overtok etter Jostein Tjugum, som har hatt vervet dei to siste åra. Tor Christopher er ny i klubben dette året ,og stiller sporty opp. Det er fleire Rotaryrøtter og aktivitetar i familien frå før. Til hausten startar kona Gro, som også er Rotarianer, opp som vertsfamilie for ei 16-årig jente som kjem som Rotary utveklsingsstudent frå Brasil.
Lukke til i vervet.
Foto: Terje Olav Øen
Høg utmerking til Bjørn Inge Geithus
Vår tidlegare president og ivrige Rotarianer Bjørn Inge Geithus fekk 17.juni tildelt Paul Harris Fellow medaljen for stor innsats knytt til internasjonalt hjelpearbeid på Filippinene og i Ukraina. Bjørn Inge ser løysingar framfor utfordringar og er ein drivande kraft i hjelpearbeidet i Førde Rotay klubb. PHF-en vart overrekt at vår nye distriktsguvernør Rold Thingvold. Gratulerer til Bjørn Inge.
Foto: Terje Olav Øen
Rolf Thingvold tok over distriktsguvernørrolla
Mandag 17. juni vart Rolf Thingvold frå Førde Rotart klubb innsett som distriktsguvernør for Vestland og Rogaland. Rolf overtol vervet etter Vibeke Natås som har hatt guvernørvervet sist Rotaryår 2023/24. No vert det mykje aktivitetar knytt opp til klubbane i distriktet, som alle skal ha vitjing av sitjande distriktsguvernør. Klubben ynskjer lukke til med eit viktig og arbeidskrevjande verv som vert utført uløna.
Bilde: Olav Reikvam
ÅRETS ROTEKOPP TILDELT OLE MAGNAR STEIN
Førde Rotary klubb si høgste utmerking for framifrå innsats i klubben gjekk i 2024 til Ole Magnar Stein.
Bilde: Terje Olav Øen
GUVERNØRSKIFTE
Neste rotarymøte er 17. juni kl. 18:00 (merk tida) på Førde Camping. Dette vert eit forlenga klubbmøte med nogo attåt. På programmet står blant annet opptak av nye medlemmer, og guvernørskifte.
Bilde: Nrk Vestland
Rolf Tingvold tar over som guvernør for neste Rtaryår. I dette høve får vi besøk av nåverande guvernør Wibecke Natås og resten av styret i Distriktet, samt andre inviterte gjester. Vi samlast i selskapslokalet på Førde Camping. Her blir det servering av varm mat fra Ferske Smakar.
Det er lagt opp til litt festivitas og klubbmedlemmene oppfordres til å bringe med gjester. På grunn av matservering trenger vi et nokolunde tal deltakarar. Dette kan meldast seinast til Leif Kilnest i løpet av torsdag 13. juni.
Håper at så mange som mogeleg har høve til å kome. Dette blir siste møte før årsmøtet den 24. juni.
Førdefestivalen 2024
Førdefestivalen er Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk..”
Kunstnarleg og adminstrativ direktør Sølvi Lien møter Førde Rotary klubb
Mandag , 10. juni, Loftstova 19.30 – 20.30
Leticia kjem frå brasil
Frå midten av august kjem Leticia (16) til Førde og skal vere utvekslingsstudent fram til medio juni 2025. Førde Rotary er vertskap for henne og vertsfamile er klar fram til nyttår.
Det er planen at ho skal få skuleplass på Førde vgs. Deretter vonar vi at to vertsfamiliar til vil stille opp for denne jenta som kjem frå byen Parana i Brasil. Det er svært gjevande å vere vertsfamilie samstundes som det medfører ein del oppgåver og ansvar. Leticia er m.a. glad i å spele volleyball. Utveksling i Rotary regi har lang tradisjon, sist vi hadde utvekslingsstudent i klubben var 2016-2017. Dette var ein gut frå Minnesota og Førde Rotaryklubb sende ein jente frå Førde motsett veg. Denne gangen sender vi ingen ut, men sjangsen vil kome seinare.
Dersom nokon ynskjer å vere vertsfamilie kan ein kontakt Bjørn Inge Geithus eller Jostein Tjugum.
Bilete: Heimesida Magne Hafstad as
Bedriftsbesøk hjå Magne Hafstad as på måndag 3. juni
Vi møter Magne Hafstad i administrasjonsbygget i Hafstadvegen kl. 19:30 og får informasjon om verksemda og det Magne Hafstad As arbeider med. Velkomne.
https://magnehafstad.no/nyhende/
Fjordane Begravelsebyrå møter oss måndag 26.mai
Ei viktig verksemd som dei fleste får kontakt med i løpet av livet er gravferdsbyrået. Måndag 26. mai får vi informasjon om det lokale gravferdsbyrået ved Mathias Haug. Vi møter i klubblokalet til vanleg tid.
RENASYS
Vi møter Frode Steen i Renasys AS som vil orientere om nye løysingar for kloakkreinsing måndag 6. mai kl 19:30
Dugndad i Sansehagen og rotaryparken
Måndag 13.mai kl. 18:00
Informasjon om UWCog vertsfamilieprogrammet
Måndag 15. april får vi vitjing frå UWC som m.a. skal orientere om vertsfamilieopplegget som er knytt til skulen sitt utdannigsprogram. Møtet er på klubbstova.
Sparebanken Sogn og Fjordane går over til Sparebank 1- bank
Gunnar Heggheim står for hovedprogrammet på måndag 8. april og gjev oss ei statusoppdatering om Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken er ein stor og viktig aktør i regionen.
I løpet av hausten 2024 konverterer Sparebanken Sogn og Fjordane til Sparebank 1-bank. I følge banken si årsmelding er dette den største strategiske avgjerdsla sidan etableringa i 1988. Vi får høyre nærmare om kva dette har å bety for banken og kundane.'
Vi får også ein oppdatering på støttekonserten komande fredag med deN Ukrainske Bandura gruppa Dzvinha FRÅ Lviv.
Mandag 11. mars får vi besøk av flyktningstenesta i Sunnfjord kommune.
Møte vert i klubblokalet.
Laurdag 23. februar
Kjem til Førde :
Bandura musikkgruppa “Dzvinha” frå Ukraina:
Førde Kyrkje fredag 12. april 2024 kl: 18.00
Dei spelar for å påminne oss om Ukraina og eventuelt overskot går til produksjon av mobile naudhjelpsklinikkar.
Billettar kr 300.- Bruk Vipps 53 38 53 Førde Rotary Klubb. Barn tom 12 år gratis.
Her kan du høyre litt av Dzvinha på Youtube
Velkomen på konsert
Sommerleirar for ungdom
Det er invitasjon til fleire sommarleirar, dei fleste i Europa. Leirane er for ungdommar i aldersgruppa 15 år til omkring 20 år. Nokre få er også opne for yngre og eldre.
Leirane er “internasjonale”, deltakarane kjem frå ulike land og som regel ein ungdom frå kvart land. I linken under finn du oversyn over alle leirar og dato for desse.
https://rye.rotary.no/no/internasjonale-sommerleire-2024
Kostnaden for å delta på ein leir er kr. 1.500.
Dersom du trykker på denne linken kan då få meir detaljar om formål med sommarleirane, som skal vere med å bygge samhald og kulturrelasjonar på tvers av heile verda.
https://rye.rotary.no/no/sommerutveksling
Detaljane om påmelding og leirtema – kontakt:
Jostein Tjugum: jostein.tjugum@enivest.net
Rolf Thingvold: rolf.thingvold.sr@gmail.com
